|
Det vert søkt elektronisk via Visma Flyt Skole. Søknad og svarbrev vert registrert / produsert i Visma Flyt Skole og overført til elevmappe i kommunen sitt sak-/arkivsystem. Elevarkiv med klasseringskode PNR (personnummer), k-kode . Fråværet vert registrert i SkoleArena. REGLAR FOR Å FÅ PERMISJON : Elevar kan etter søknad frå foreldra få permisjon frå pliktig undervisning. Søknaden må vere skriftleg og grunngjeven. • Kontaktlærar kan gje ein elev fri inntil 3 skuledagar. Bruk meldingsboka eller elektronisk skjema • Rektor kan gje ein elev fri inntil 10 skuledagar. Bruk elektronisk skjema Søknad må sendast inn i god tid før permisjonen. • Dersom fri utover 10 skuledagar, går søknaden til oppvekstsjefen. |