Glemt Passord?

Kommunehistorie

Askvoll kommune vart oppretta i 1837. Kommunen bestod av sokna Askvoll, Vilnes, Øn og Hyllestad, samt Bu kapellsokn (del av Vilnes).

I 1862 vart Øn og Hyllestad sokn skild ut til nye Hyllestad kommune.

I 1888 vart åtte matrikkelgardar overført frå Askvoll kommune til Sulen (Solund) kommune.

1. januar 1964 vart Askvoll kommune utvida i nord og nordaust. Då vart områda sør for Førdefjorden, frå Stavestrand til Hestvik, som til då hadde vore delar av kommunane Bru og Vevring lagt til Askvoll.

1. januar 1990 skjedde det eit byte mellom kommunane Aksvoll og Fjaler. Gardane på sørsida av Dalsfjorden som hadde høyrt til sokna Vilnes, Askvoll og Holmedal vart lagt til Fjaler, medan resten av Holmedalssoknet pluss nordsida av Dalsfjorden i Dale sokn, garden Fossedal vart lagt til Askvoll.