|
Legekontoret nyttar fagprogrammet SystemX for pasientretta post. I programmet "Import Askvoll" ligg det epikriser/prøvesvar som av ulike grunnar ikkje kjem inn i pasientjournal direkte. Her må ein manuelt koble innkommen post mot pasientjournal. I Mediview/Medilink går meldingsflyten. "Import Askvoll" og Mediview skal sjekkast dagleg.
Inngående post som ikkje kjem elektronisk, vert scanna inn. Er det noko som av ulike grunnar ikkje kan scannast skal dette leggast i papirjournal. Det vert registrert i SystemX kva som vert lagt i papirjournal. Pasienten si fysiske papirmappe settast i hylle på arkivrom.
Arkivverdig sakspost, tilhøyrande personalarkiv vert vidaresendt til omsorgskontoret for scanning/registrering og lagring i kommunen sitt sak-/arkivsystem: Websak, Personal. E-poster vert henta inn i websak, personal direkte. Arkivverdig sakspost, tilhøyrande saksarkiv, vert vidaresendt til sentraladministrasjon, Rådhus for scanning/registrering og lagring i kommunen sitt arkivsystem, Websak. E-poster vert registrert i websak og sakshandsamer vert registrert. |