|
Omsorgskontoret er postmottak for omsorg og sorterer motteken post til avdelingane. Post som skal skannast ved omsorgskontoret vert fordelt for skanning til Dips Front CosDoc (pasient) og Acos WebSak (personal).
Fagsystem - Dips Front CosDoc (tidlegare Acos) Omsorg nyttar Dips Front CosDoc som dokumentasjonsverkty. Dips Front CosDoc er eit godkjendt arkivsystem, men er ikkje definert som heilelektronisk hos oss i dag. Alle pasientar har elektronisk journal, men pasientjournal blir ikkje skriven ut. Vi opprettar ved behov sjukepleiejournal, legejournal, sakshandsamarjournal, økonomi- og vederlagsjournal, psykiatrijournal, fysioterapijournal, ergoterapijournal og journal for Individuell plan. Hovudtyngda av pasientopplysningar blir i dag sendt elektronisk mellom helseføretaka via Norsk helsenett. Desse vert automatisk journalført ved godkjenning. Saksdokument til CosDoc vert skanna og arkivert i pasientmappe på omsorgskontoret. Omsorgskontoret får kopi av produserte dokument i CosDoc til journalføring og arkivering i pasientmappe. I tillegg skal ein fortløpande søkje opp dokument for journalføring (dokumentstatus).
Visma Sampro / Visma Flyt Samspill Visma Sampro vil i løpet av 2022 bli erstatta av Visma Flyt Samspill. Dette er eit brukarverkty for gjensidig informasjonsflyt mellom brukar som har individuell plan og kommunen som tenesteytar. Koordinator/sakshandsamar som er involvert må syte føre at arkivverdig dokument òg vert dokumentert i CosDoc. |