Glemt Passord?

Pasientjournaler, Cosdoc

Fagsystem - Acos CosDoc Omsorg nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty. Acos CosDoc er eit godkjendt arkivsystem, men er ikkje definert som heilelektronisk hos oss i dag. Alle pasientar har elektronisk journal, men pasientjournal blir ikkje skriven ut. Vi opprettar ved behov sjukepleiejournal, legejournal, sakshandsamarjournal, økonomi- og vederlagsjournal, psykiatrijournal, fysioterapijournal og journal for Individuell plan. Hovudtyngda av pasientopplysningar blir i dag sende elektronisk mellom helseføretaka via Norsk helsenett. Desse vert automatisk journalførde ved godkjenning.

Saksdokument til CosDoc vert skanna og arkivert i pasientmappe på omsorgskontoret. Omsorgskontoret får kopi av produserte dokument i CosDoc til journalføring og arkivering i pasientmappe.