Glemt Passord?

Handsaming av byggesøknad

Formålet er å sikre korrekt sakshandsaming og riktig utøving av mynde innanfor gjeldande fristar.

  • Handling:

Ved mottak av søknad skal sakshandsamar kontrollera om søknaden er tilstrekkeleg dokumentert, jf. pbl § 21-2, SAK kapittel 5 (www.dibk.no). Kontroller følgjande:

  • Alle naboar og gjenbuarar er varsla i samsvar med opplysningane i SAK § 5-2 og pbl § 21-3.
  • Kontroller om tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan.
  • Er det søkt dispensasjon eller er det trong for dispensasjon? Er naboar varsla dersom det ligg føre søknad om dispensasjon? Ver merksam på at der det er regulert byggegrense er det ikkje tilstrekkeleg med samtykkje frå nabo, ein må også søke dispensasjon om tiltaket kjem utanfor byggegrensa. Dersom tiltaket vil krevje dispensasjon og det ikkje er søkt om dette, må naboar varslast på nytt, jf. pbl § 19-1.
  • Vert det søkt om å avvike krava til avstand mot nabogrense skal det ligge føre særskilt samtykkeerklæring frå eigar/festar av naboeigedomen. Det er ikkje tilstrekkeleg at naboen har signert at den samtykker til tiltaket på gjenpart av nabovarsel.
  • Vurder om krava til tilgjengelegheit/universell utforming er ivareteke, jf. §12-1/ 12-2 TEK10.
  • TEK10 § 13-5 stiller krav til radonsperre. Still særskilt krav til radonsikring av bygget i nye byggeløyve.
  • Gjeld søknaden tiltak utanfor regulert område (lnf) må ein vere særskilt merksam på at område ikkje er ras og/eller flaumutsett.
  • Ved søknad om riving eller vesentleg endring av bygning; kontroller om bygningen er Sefrak-registrert i Matrikkelen, då kommunen kan ha meldeplikt etter Kulturminnelova § 25.
  • Dekkjer gjennomføringsplanen heile tiltaket, jf. SAK § 5-3.
  • Varsle ansvarleg søkjar/ tiltakshavar dersom det er manglar med søknaden. Dette må gjerast snarast og seinast innan 3 veker etter mottak av søknad for tiltak som ikkje medfører dispensasjon frå plan.
  • Varsle ansvarleg søkjar/ tiltakshavar dersom tiltaket av andre årsaker ikkje kan handsamast innan 3 vekers fristen, jf. pbl § 21-7 og SAK § 7-1.
  • Kontroller om det er trong for særskilt utsleppsløyve. Eventuelt utsleppsløyve bør samordnast samstundes med byggesaka. Søknad om utsleppsløyve skal søkjast på eige skjema utarbeidd av kommunen, der rettleiing og søknadsskjema ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside. Ved handsaming av utsleppsløyve, sjå eiga prosedyre.
  • Ved tiltak på felleseige eller eigarlaus teig bør ein vurdere om kommunen skal krevje dokumentasjon på eigartilhøve med heimel etter pbl § 21-6, slik at kartavdelinga kan opprette matrikkeleigedom. Dersom dette ikkje vert gjort før byggeløyve er gjeve vil vi ikkje få registrert nye/endra bygningar i Matrikkelen, noko kommunen har krav på seg til å utføre etter Lov om eigedomsregistrering. Dette gjeld særskilt endring, riving, nybygg etc. på naust og sel/ stølshus etc. 
  • Avklar om søknaden kan handsamast administrativt etter gjeldande delegeringsfullmakt eller om saka må fremjast til politisk avgjer (formannskapet). Ved politisk avgjerd bør berre forhold som skal avgjerast av formannskapet takast med i tilråding til vedtak.
  • Utarbeid fakturagrunnlag for byggesaka etter gjeldande gebyrregulativ og send over til økonomiavdelinga samstundes med at brev om byggeløyve vert sendt søkar.

Tillegg:

Referansar/lovheimel:

  • plan- og bygningslov
  • forskrift om byggesak
  • naturmangfaldlova (dispensasjon)
  • kulturminnelov

Vedlegg:

 T-1459 Rettleiing; Grad av utnytting.
https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kmd/boby/grad_av_utnytting.pdf

Rettleiing: Byggesaksforsikrifta med rettleiing (SAK 10)
http://dibk.no/no/BYGGEREGLER/Gjeldende-byggeregler/Veiledning-om-byggesak/

Rettleiing;
Byggteknisk forskrift med veiledning (TEK10)

Link: 
http://dibk.no/no/BYGGEREGLER/Gjeldende-byggeregler/Veiledning-om-tekniske-krav-til-byggverk