Glemt Passord?

Søknad om eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom

Konsesjonslova av 28. november 2003 fastset at alle tileigningar/kjøp av fast eigedom og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år kjem inn under konsesjonsplikt med mindre det er gjort unntak i lova eller forskrifter som er fastsette i medhald av lova. Reglane om konsesjon går fram av konsesjonslova og tilhøyrande forskrifter. Dei fleste erverv er konsesjonsfrie, men i nokre tilfeller må ein ha godkjenning av kommunen for å kunne overføre eigedomen til ny eigar. 
Søknad (skjema SLF-360) om eigenerklæring om konsesjonsfriheit ved erverv av fast eigedom skal registrerast i Acos i ei samlesak pr år, arkivdel SAK.
Tileignar/kjøpar kan sende skjema via Lærdal kommune sine heimsider:
sjølvbetjening / skjema /

konsesjonsfriheit ved erverv av fast eigedom - egenerklæring.

Hovudregelen er at ein kan tileigne seg / kjøpe bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og heller ikkje har meir enn 25 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord, utan å søkje konsesjon. Det same gjeld tomter til bustad- og fritidsformål, og ubebygd areal som er lagt ut til anna enn landbruksformål. Tileigning/kjøp frå nær familie er også friteke frå konsesjonsplikt. Skjemaet skal dokumentere at di tileigning eller ditt kjøp er konsesjonsfritt etter ein av unntaksreglane i lova, jf. § 4 første ledd nr. 1–4 og § 5 nr. 1 og 2.

Skjemaet skal fyllast ut av ny eigar og må stadfestast av kommunen. Eigar er sjølv ansvarleg for å sende skjemaet til tinglysing til: Kartverket Tinglysning, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.