|
Restanseliste er oversikt over alle inngåande, utgåande og interne dokument som ikkje er avskrivne eller ferdighandsama. Restanseliste skal skrivast ut to gonger i året. Hensikten med dette er å gje sakshandsamar eit totaloversyn over dei dokumenta som ikkje er ferdighandsama i fylkeskommunen. Dersom nokon sluttar eller skal ut i permisjon skal det skrivast ut restanseliste i god tid før sluttdato. Det er viktig at arkivtenesta tidleg får melding om personale som sluttar eller går ut i permisjon. Leiar på avdelinga har ansvar for å informere arkivtenesta. Dersom ein annan sakshandsamar skal overta dei ikkje-avslutta sakene/dokumenta skal arkivtenesta også ha melding om dette. Restanselista skal ha oversikt over dokument som ikkje er avskrivne og ferdigstilte. |