|
I Kommunestyret i Suldal den 26.1.2016 i sak 005/16 blei det felles samarbeid med Sauda kommune med PPT og Barnevern Namnet er Indre Ryfylke PPT og Indre Ryfylke Barnevern. 1.Suldal kommunestyre vil ha felles barnevernteneste og felles PP-teneste med Sauda etter kommunelova § 28-1 b på desse premissa: Suldal skal vera vertskommune for PP-tenesta, Sauda for barneverntenesta. Dei tilsette skal vera tilsett i vertskommunen. For begge tenestene skal det vera kontor i begge kommunane. Det skal opprettast eit administrativt styre med rådmenn og tillitsvalde som skal drøfta framlegg til budsjett og handlingsplan, årsmelding og tilsetting av leiar før aktuell rådmann gir innstilling til kommunestyret eller gjer vedtak. Utgiftene skal delast etter talet på innbyggarar i aldersgruppa 0-17 år, med unnatak av utgifter som er knytta direkte til kommunen. Dersom fordelinga av reelle utgifter ved inngangstidspunktet er vesentleg ulikt dette, skal det vera ein gradvis overgang over tre år. Innhaldet i prosjektrapportane skal leggast til grunn i det vidare arbeidet. Fagleg kompetanse på masternivå innan PPT, samt leiarutdanning for både PPT og baranevern, er viktig og nødvendig. Dei aktuelle leiarane bør ha desse kvalifikasjonane. Det må leggjast til rette for ev vidareutdanning. 2. Kommunestyret skal vedta endeleg samarbeidsavtale. 3. Rådmannen får fullmakt til å fastsetja endeleg startdato. |