Glemt Passord?

Rutine for oppdatering av elektronisk arkivplan

Den elektroniske arkivplanen skal oppdaterast og ajourhaldast fortløpande. 
Einingsleiar /direktør melder i frå til arkivleiar ved endringar og behov for oppdateringar.

Arkivleiar melder i frå til rådmann, når endringane er så omfattande at arkivplanen bør periodiserast og det bør gjerast nytt vedtak. 

Arkivleiar skal ha melding om alle endringer i fylkeskommunen med mulige fylgjer for arkivet i god tid før dei blir satt i verk, og arkivleiar har rett til å uttale seg om de fylgjene dei kan få for arkivet. Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjonen som er i arkivplan. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast på e-post bodil.marie.nornes@sfj.no  

Oppdatering av arkivplanen skal blant anna skje når

  • det skjer endringer i post- og arkivrutiner
  • ein fylkeskommunal eining opprettar et nytt arkiv eller arkivdel
  • det vert teken i bruk ny arkivnøkkel
  • ein fylkeskommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  • fylkeskommunale einingarr blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det blir gjort vesentlige endringer i fylkeskommunen sitt delegasjonsreglement
  • fylkeskommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor fylkeskommunen
  • Arkivleder avgjør ellers om det er behov for oppdatering av arkivplanen

Særlig er dette aktuelt når det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel eller det vert teken i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon