|
Generelt
Gjennom delegasjonsreglementet har rådmannen fullmakt til å gjere vedtak i ein del saker av kurant karakter og av ikkje prinsippiell art, og etter særlov. Gjennom vidare delegering er avgjerdsmynda overført til andre leiarar.
Delegerte vedtak skal saksutgreiast på same måte som vedtak som skal godkjennast politisk.
Eigen saksmal skal nyttast - Delegert sak (utg. brev)
Melding om vedtak
Sakshandsamar som gjer det administrative vedtaket skal sjølv sende ut melding om vedtak til den det gjeld.
Melding til politiske organ Avgjerd fatta ved bruk av administrative vedtak vert rapportert til vedkomande politisk organ på deira første møte. Administrative vedtak vert gjeve eige saksnummer. Det vert generert ei samlesak, "Delegasjonssaker" til kvart politisk organ, der dei administrative vedtaka vert fletta inn. Når det gjeld retten til å gjere om eit vedtak vert det synt til forvaltningslova §35. |