Glemt Passord?

Daglege rutinar for arkivtenesta

Inngåande post skal leverast til arkivtenesta, som er ansvarleg for posthandsaming av all post til kommunen.

Telefaks og elektronisk post (e-post) skal handsamast som vanleg post.

Post til omsorgstenesta, legekontoret og barnevern skal sendast uåpna til dei.

Personleg adressert post, dvs. når personnamn er nemnt før namnet til den kommunale eininga, skal leverast uopna til rette vedkomande. Medarbeidarar som mottar personleg adressert post som syner seg å vere til administrasjonen, skal straks levere denne til arkivtenesta for registrering. Denne regelen gjeld også for elektronisk post.

Arkivtenesta skal dagleg sjekke e-postboksen til kommunen. Arkivverdige e-postar skal importerast i SAK-ARKIVSYSTEMET med tilhøyrande vedlegg. Dersom det er e-postar ein er usikker på om høyrer til ei sak, tek ein kontakt med sakshandsamar.