Glemt Passord?

Administrativ organisering

Gloppen kommune er administrativt inndelt i to nivå under rådmannen: Nivå 1 er sektorleiarane og nivå 2 er einingsleiarane. Organisasjonssjefen har status som sektorleiar. Sektorleiarane er rådmenn for sine fagområde. Til saman utgjer rådmannen og sektorleiarane rådmannen si leiargruppe.

Det er to typar «boksar» i organisasjonskartet: Boksar med heil strek rundt er ei organisatorisk eining, medan boksar med stipla linje anten er avdelingar eller funksjonar. Dei organisatoriske einingane har sjølvstendig ansvar for eigen økonomi, administrasjon og personell. Leiaren har eige budsjettansvar med tilhøyrande tilvisingsrett i økonomisystemet og er plassert i kap. 3.4.1 (sektorleiarane) og 3.4.2 (einingsleiarane) i hovudavtalen. Ansvar og oppgåver som etter lovverket er lagde til ein "institusjon" eller ei "teneste", t.d. ein skule etter opplæringslova eller til barnevernstenesta, er lagde til einingsleiar for "institusjonen" eller "tenesta", altså til rektor når vi snakkar om ein skule og til barnevernsleiar når vi snakkar og barnevernstenesta.

Avdelingane og funksjonane i organisasjonskartet har som regel eigen fagansvarleg, men har ikkje sjølvstendig personal- eller økonomiansvar. Dette ansvaret ligg til leiaren av eininga over.

Sjå kommunen sitt delegeringsreglement

Det administrative organisasjonskartet ser slik ut: Administrativ organisering