|
Acos SvarUt er ein ekspederingsfunksjon i Websak som ekspederer til KS SvarUt sitt sendingsarkiv. Når dokumentet er overført til KS SvarUt, blir det laga ei samlefil (hvis dokumentet består av fleire filer) før det blir sendt til innbyggjar enten digitalt eller via print. For at innbyggjar skal få brevet digitalt, må fødselsnummer og veg/gateadresse (for person) eller organisasjonsnummer (for bedrift) vere med i sendinga. Websak har integrasjon mot Folkeregisteret og Enhetsregisteret for at sakshandsamar skal kunne hente mottakar derifrå. Hvis ikkje fødselsnummer eller organisasjonsnummer er med i sendinga, går brevet til print og utsending via brev. Brevet vil også gå til print hvis mottakar har reservert seg mot å motta brev digitalt, eller hvis mottakar ikkje les det innan 2 dagar frå mottatt varsel frå Altinn. SvarUt kan vidaresende post til e-Boks og Digipost. Mottakarar som ikkje har digital postkasse, kan lese brevet i Altinn. Alle sakshandsamarar og leiarar får ein kurv med tittel «SVARUT – ekspedering feilet». Denne fangar opp ekspederingar som SvarUt har sendt tilbake pga feil i sendinga. Det er logga på journalposten kva dette skuldast. |