|
Krav til arkiv Kommunen har som offentleg organ etter § 6 i arkivlova plikt til å ha arkiv. Arkiva skal vere ordna og innretta slik at dei er tilgjengelege som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Forskrift om offentlege arkiv (arkivforskrifta) inneheld detaljerte føresegner om arkivarbeid og arkivbevaring i kommunen. Administrasjonssjefen har det overordna administrative ansvaret for kommunen sine arkiv (jf Arkivforskrifta §1-1). Arkivleiar har det overordna ansvaret for organisering av arkivtenesta og utarbeidar verksemdplan. Arkivleiar har ansvaret for det daglege arbeidet ved arkivet. Arkivleiar skal hjelpe einingane i organisasjonen med det daglege arkivarbeidet som vert gjort der. Arkiva i Vanylven Det er her vert å merke seg at fagsystema ikkje er godkjende som arkivsystem, men at dei dannar eit arkiv som er viktig å ta vare på. Det er kun eit elektronisk system som er godkjent som fullelektronisk arkivsystem i Vanylven kommune og det er ePhorte. Alle arkiv som vert starta i vår organisasjon har ein eigar og det er Vanylven kommune, dei som startar ein arkivserie må sette seg inn i og forhalde seg til arkivplanen. Arkivet skal i alle høve der det er snakk om å kjøpe nye sakshandsamingssystem takast med i forprosjektet. Post- og arkivhandsaming Det overordna målet er å få ei kontrollert handsaming av posten slik at ein heile tida har oversikt over Vanylven kommune sin fullstendige dokumentproduksjon. Dette oversynet skal omfatte både arkiverte dokument og dokument som midlertidig er oppbevart utanfor arkivet. Desse retningslinene er i tråd med forskriftene til arkivloven kapittel III. Det er dei daglege rutinane for post- og arkivhandsaming som legg det fyrste, viktige grunnlaget for at Gerica skal kunne stette krava om dokumentasjon og informasjon i lovverket og for ålmenta. Handsaming av post til fagsystemet Gerica All post som kjem til sentralt postmottak som er stila til helse- og omsorg skal fordelast uopna til posthyllene. Det er systembrukar for Gerica som har ansvar for å arkivere posten i fagsystemet. Inngåande postPost skal sendast Vanylven kommune, Rådhuset, 6143 Fiskå. Personale ved servicetorget opnar all post. Arkivverdig post skal journalførast i ePhorte og arkivuverdig post vert fordelt til rette vedkomande. Brev med personleg namn først skal leverast direkte til vedkomande. Vedkomande pliktar å levere dokumentet til journalføring dersom det er arkivverdig. Arkivverdig e-post skal enten eksporterast in i ePhorte av sakshandsamar eller sendast postmottak for same prosedyre. Dersom det vert vurdert som viktig at dokumentet vert skanna inn i gerica er det systembrukar eller superbrukar gerica som gjer dette. Dokumentet vert då knytt til vedteken postjournalkode i gerica. Utgåande post All arkivverdig utgåande post skal skrivast i ePhorte. Kopi av brevet skal leggast i aktuelt arkiv (gjeld arkivdelane som ikkje er fullelektroniske). Vedtak i Gerica vert skrive ut, signert og kopi vert lagt i fysisk pasientarkiv Gerica. Arkivering i korrekt mappe skjer av merkantilt personell sektor for velferd. Arkivverdig postDefinisjon: inngåande/utgåande post som er gjenstand for sakshandsaming eller dokumentasjon for samtid og ettertid. Innhald i mappeAlt som ikkje er på EPJ Søknad med vedlegg All dokumentasjon som er grunnlag for vedtak Vedtak Ikkje arkivverdig postInvitasjonar, kurs, konferansar, tidsskrift, rundskriv, møteinnkallingar, reklame, Handsaming av klagesakerVert handsama i ePhorte, kopi av dokumentasjonen skal leggast i pasientjournal (Gerica). Følgjande dokumentasjon skal ligge i ePhorte:
- Klage frå brukar/pårørande
- Administrativ handsaming av klage
- Oversending av klage til Fylkesmannen
- Svar frå Fylkesmannen
Postlisteer eit fortløpande register over inn- og utgåande brev. Arkivforskrifta fastset at journalen skal innehalde journalføringsdato, saks- og dokumentnummer, namnet på saksbehandlar, avsendar/mottakar, opplysningar om sak, dokumentdato og det skal kome fram om den er unnateke offentleg innsyn. Postjournal kan førast i bok, registrerast i eit teksthandsamingsverkty eller takast ut som ein rapport frå arkiv- eller fagsystemet. I Gerica skal postliste skrivast ut månadsvis og kontorinnbindast årleg. Arkivserie-oversyn
| Arkivserie (namn)
|
Pasientarkiv
|
| Innhald (Kva arkivserien skal innehalde)
|
Alt som ikkje er på EPJ Søknad med vedlegg All dokumentasjon som er grunnlag for vedtak Vedtak
|
| Ordningsprinsipp (korleis arkivserien vert arkivert)
|
Fødselsnummer og namn. Merka gericamappe, gerica vederlag eller ePhorte. Dei ulike mappene ligg i lag pr. pasient/klient.
|
| Lagring/plassering (kva medium arkivserien vert lagra i og kvar han står plassert)
|
Arkivskap ved Vanylven helse- og omsorgsenter og elektronisk. Kun merkantilt personell + ev. systembrukar gerica har lovleg tilgong til arkivskap/ nøklar mv.
|
| Avlevering (tidspunkt for avlevering av arkivserien til arkivdepot)
|
10 år Når oppfølging av vedkomande pasient er over skal alle mappene avleverast depo på rådhuset. Arkivmappene vert i første omgang levert servicetorget. Her vert dei oppbevart i 5 år for deretter å verte avlevert IKA (Interkommunalt Arkiv Møre og Romsdal).
|
| Kassasjon (eventuelt kassasjonsreglement)
|
Nei
|
| Rydding av mapper
|
Ta vekk binders, post it-lappar, tape, gummistrikk og evt. anna arkivuverdig materiale. Stifter kan vere på. Husk ISO-standard på mapper/omslag og arkivboksar. Lag til ei avleveringsliste som følgjer arkivboksane ved avlevering til servicetorget
|
| Merknad (særlege omstende ved nett denne serien)
|
Pasientmappa vert avslutta når pasienten dør, det vert då nytta nemninga morsarkiv Ved mors skal det takast ut saksomslag, ei opplisting av dokument i Gerica. Denne skal leggast framme i saksmappe til pasienten, både den som er knytt mot Gerica og den som er knytt mot ePhorte.
|
|