|
Fagsystem for skule og barnehage er under innføring, IST (hypernett). ACOS websak har blitt nytta (og blir framleis nytta) for registrering av dokument både av generell karakter og til elevsaker. Valldal skule Brevpost blir stempla ved mottak. Det som er arkivverdig blir lagt i Websak. Søkjer opp aktuell sak i Websak, fører på saksnr på brevet og sender til servicetorget for skanning. Om der ikkje er oppretta sak frå før, så blir dette gjort før brevet blir levert til skanning. Tar kopi av brevet til elevmappa ev. lagt i perm. Har fysiske elevmapper på alle elevar. Mappene er inndelt etter tema, kvar elev kan ha fleire elevmapper. Mappene følgjer eleven gjennom heile skulegangen. (nytt frå skuleåret 2011/2012) Lærarane har ikkje tilgang til Websak og er avhengige av dei fysiske elevmappene i sitt arbeid. E-post E-post til Valldal skule er det i hovudsak rektor som tek seg av. Informasjon/dokument som skal gjerast kjent for dei tilsette blir lagt ut på oppslagstavla på FC. Eidsdal og Dalsbygda skule og barnehage: Barnehageopptak er frå 2016 gjort gjennom fagsystemet. Saker av generell karakter blir registrert i ACOS websak. Brevpost blir stempla ved mottak. Det som er arkivverdig blir lagt i Websak. Søkjer opp aktuell sak i Websak, fører på saksnr på brevet og sender til servicetorget for skanning. Om der ikkje er oppretta sak frå før, så blir dette gjort før brevet blir levert til skanning. Tar kopi av brevet til elevmappa ev. lagt i perm. Har fysiske elevmapper på alle elevar. Mappene er inndelt etter tema, kvar elev kan ha fleire elevmapper. Mappene følgjer eleven gjennom heile skulegangen. (nytt frå skuleåret 2011/2012) Lærarane har ikkje tilgang til Websak og er avhengige av dei fysiske elevmappene i sitt arbeid. Reklame og informasjonsskriv blir stort sett levert til rette vedkomande, t.d. lærar eller barnehagetilsett. Skriv som gjeld elevar blir kopiert og lagt i den fysiske elevmappa. Originalen blir sendt til innskanning på Servicetorget. Saksnr. blir påført. Utgåande skriv blir skrivne i websak. Ein del skriv blir utdelt til elevane frå dei andre tilsette, utan at dei er registrert i websak. Litt om korleis lærarane jobbar. Møteinnkallingar/referat/annan korrespondanse – teksten blir sendt til konsulent som søkjer opp aktuell elevsak, skriv brevet/referatet i Websak, sender ut. Der blir alltid lagt ein kopi i den fysiske elevmappa. Testar av ulike slag som blir tekne av elevane, halvårsrapportar, IOP, sakkunnige vurderingar, andre vurderingar, terminkarakterar og liknande blir lagt i dei fysiske elevmappene, saksnr. blir ført på før det blir sendt til skanning. Fagsystemet First Class blir brukt til dagleg korrespondanse mellom skule og heim. Det som er verd å ta vare på, td. utskrift av merknadsprotokoll, blir lagt i dei fysiske elevmappene. Ranselpost om t.d. turar, foreldremøte blir ikkje registrert i websak. |