Glemt Passord?

Sofie

Krav til arkiv

Kommunen har som offentleg organ etter § 6 i arkivlova plikt til å ha arkiv. Arkiva skal vere ordna og innretta slik at dei er tilgjengelege som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Forskrift om offentlege arkiv (arkivforskrifta) inneheld detaljerte føresegner om arkivarbeid og arkivbevaring i kommunen. Administrasjonssjefen har det overordna administrative ansvaret for kommunen sine arkiv (jf Arkivforskrifta §1-1). Arkivleiar har det overordna ansvaret for organisering av arkivtenesta og utarbeidar verksemdplan. Arkivleiar har ansvaret for det daglege arbeidet ved arkivet. Arkivleiar skal hjelpe einingane i organisasjonen med det daglege arkivarbeidet som vert gjort der.

 

Arkiva i Vanylven

Det er her vert å merke seg at fagsystema ikkje er godkjende som arkivsystem, men at dei dannar eit arkiv som er viktig å ta vare på. Det er kun eit elektronisk system som er godkjent som fullelektronisk arkivsystem i Vanylven kommune og det er ePhorte.

Alle arkiv som vert starta i vår organisasjon har ein eigar og det er Vanylven kommune, dei som startar ein arkivserie må sette seg inn i og forhalde seg til arkivplanen.

Arkivet skal i alle høve der det er snakk om å kjøpe nye sakshandsamingssystem takast med i forprosjektet. 

 

Post- og arkivhandsaming

Det overordna målet er å få ei kontrollert handsaming av posten slik at ein heile tida har oversikt over Vanylven kommune sin fullstendige dokumentproduksjon. Dette oversynet skal omfatte både arkiverte dokument og dokument som midlertidig er oppbevart utanfor arkivet.

Desse retningslinene er i tråd med forskriftene til arkivloven kapittel III.

Det er dei daglege rutinane for post- og arkivhandsaming som legg det fyrste, viktige grunnlaget for at Sofie skal kunne stette krava om dokumentasjon og informasjon i lovverket og for ålmenta. Sofie er eit skatteregnskapssystem frå Skatteetaten.

 

 

Handsaming av post til fagsystemet Sofie

Inngåande post

Post skal   sendast til Vanylven kommune, Rådhuset, 6143 Fiskå.

Personale ved   servicetorget opnar all post. Arkivverdig post skal journalførast i

ePhorte og   arkivuverdig post vert fordelt til rette vedkomande.

Brev med   personleg namn først skal leverast direkte til vedkomande. Vedkomande

pliktar å   levere dokumentet til journalføring dersom det er arkivverdig.

Arkivverdig   e-post skal enten eksporterast in i ePhorte av sakshandsamar eller sendast   postmottak for same prosedyre.

 

Utgåande post

All   arkivverdig utgåande post skal skrivast i ePhorte. Kopi av brevet skal   leggast i aktuelt arkiv (gjeld arkivdelane som ikkje er fullelektroniske).

 

Arkivverdig post

Definisjon:   inngåande/utgåande post som er gjenstand for sakshandsaming eller

dokumentasjon   for samtid og ettertid.

 

Ikkje arkivverdig post

Invitasjonar,   kurs, konferansar, tidsskrift, rundskriv, møteinnkallingar, reklame,

Handsaming av klagesaker

Klager   sendast til skattekontoret med seks vekers klagefrist etter at skatteoppgjeret   er lagt ut. Svar på klager vert lagt under S – Skattesaker i ePhorte.

 

Postliste

Det skal vere mogleg å køyre ut lister frå datasystemet.

 

Arkivserie-oversyn

 

                                                                                                               

   

Arkivserie     (namn)

   

   

Sofie

   

   

Innhald (Kva     arkivserien skal innehalde)

   

   

Skatteregnskapssystemet     SOFIE ligg i ein tabell med ei rad per skatteytar,  krav og      forfall, og med oppdatert saldo og betalingsstatistikk.

   

   

Ordningsprinsipp     (korleis arkivserien vert arkivert)

   

   

Bilagsnummer.     Nummerserie.

   

   

Lagring/plassering     (kva medium arkivserien vert lagra i og kvar han står plassert)

   

   

Datasystemet     Sofie.
    Permar. Gjeldande kontor/kvelv i økonomiavdelinga.

   

   

Avlevering     (tidspunkt for avlevering av arkivserien til arkivdepot)

   

   

 

   

 

   

   

Kassasjon (eventuelt     kassasjonsreglement)

   

   

Ja, etter     gjeldande regelverk.
     Bilaga skal oppbevarast stigande på bilagsnummer FAST i 10 år.

   

 

   

   

Rydding av     mapper

   

   

Ved     avlevering/kassasjon

   

   

Merknad (særlege     omstende ved nett denne serien)

   

   

Rekneskapsbilag.