Leiar sine arkivrutiner

Rådmannen sitt arkivansvar

Rådmannen/administrasjonssjefen har det overordna administrative ansvaret for kommunens arkiv og for at organisering og oppfølging av arkivarbeidet er i samsvar med lover og forskrifter.

Forskrift om offentleg arkiv, § 1-1, arkivansvaret i offentlege organ:
Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ tillegg den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det overordna administrative ansvaret som er tillagt administrasjonssjefen, jf. kommunelova § 23.

Tenesteleiar sitt arkivansvar

Tenesteleiar har personalansvar og ansvar for å melde frå til arkivtenesta ved langvarig fråver hos sakshandsamarar.

Tenesteleiar har ansvar for å halde oversyn med restansar i eiga avdeling. Ta kontakt med arkivet for å få restanseliste for si avdeling.

Tenesteleiar skal godkjenne og signere vedtak i si avdeling, eller delegere dette til andre. Sjekk dette.

Leiar har plikt til å sørge for at tilsette som skal slutte avsluttar saker som er ferdig handsama og overførar saker til anna sakshandsamar.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.