Innsyn

Offentlege utgåande dokument er tilgjengelege i fulltekst på postlista og kan lastast ned.

Innkomne dokument er ikkje tilgjengeleg i fulltekst, men kan be om innsyn ved forespørsel til arkivtenesta.

Svarfrist for handsaming av innsynskrav er 3 dagar. Har ikkje krevjar motteke svar innan 5 dagar vert det å rekne som avslag på innsynskravet.

Framgangsmåte ved handsaming av innsynskrav:

Mottak av innsynskrav – postmottak/arkiv

Innsynskravet vert registrert  i ACOS på sakshandsamar – arkiv

Vurdering av kravet – sakshandsamar:

Det er sakshandsamar si oppgåve og vurdere om eit dokument er offentleg eller eventuelt finne heimel for å gje avslag. Sakshandsamar/leiar vurderer endeleg svar i samarbeid med arkivtenesta.

Dokument frå postlista vert registrert i ACOS og ekspederte av arkivtenesta med kopi til sakshandsamar.

Avslag:

Dersom det vert gjeve avslag på innsynskravet må ein vise til aktuell paragraf og opplyse om klagerett jfr. Off.lova §32. Bruk brevmal i ACOS – innsyn avslag.

Hugs å send med klageskjema.

Klage:

Klage på avslag skal registrerast i ACOS. Sakshandsamar vurderar klagen så fort som råd er og seinast innan 3 dagar. Dersom klagen fører fram, vert klagesaka avslutta ved at innsyn vert gjeve.

Oversending til Fylkesmannen:

Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, må sakshandsamar syte for at klagesaka vert førebudd og sendt vidare til Fylkesmannen for avgjerd. All korrespondanse i saka må leggast som vedlegg i oversendinga.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.