SFO plass - søknad og behandling

SFO har opptak ein gong i året (start august).
Søknadsfristen 28.feb. Me har annonse i Sogn Avis og på heimesida til kommunen, samt heimesida til barnehagane. Ein søkjer plass via skjema på heimesida til kommunen. Søknaden vert så fanga opp i servicesentralen, og lagt i ACOS. Sakshandsamar får søknaden i sin innboks i ACOS, 1 samlesak pr. år. Sender førebels svar til søkjar om at søknaden er motteken og at søknaden vert handsama i hovudopptaksmøte (i løpet av mars).
I opptaksmøtet samlast inspektør, leiar for SFO, barnevern, helsesøster og sakshandsamar. Etter møtet vert det sendt ut brev til søkjarane med melding om plass/ikkje plass. SFO sender ut eigne brev når det nærmar seg skulestart, der dei informerer litt om kvardagen på SFO.

Dei som takkar ja til SFO-plass sender ikkje svar, ein skal berre sende melding om ein takkar nei til plassen. Fristen for dette er 1.juni. Meldinga skal lagrast i sak-/arkivsystemet under arkivdel SAK.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.