Overgang frå barnehage til skule

Lærdal kommune ved førskulelærarar og lærarar har utarbeida ein plan «Frå størst til minst» for å sikre borna ein trygg og god overgang frå barnehage til skule.
Planen har fleire sentrale rutinar i oppfølginga, med mellom anna faste besøk på skulane.
Planen vert revidert annankvart år.
Planen vert lagt på heimesida til barnehagen.
Planen vert lagt i sak-/arkivsystemet.
Overgangssamtalar: Det vert henta inn samtykke frå foreldre/føresette slik at dei pedagogiske leiarane kan ha overgangssamtalar med læraren til 1.klasse. Samtykket gjeld for eit år. Dette for å sikre god oppfølging av barnet. Læraren har høve til å kontakte barnehagen for meir informasjon etter skulestart.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.