Arkivfaglige definisjoner

Arkivfagleg   definisjonar

 Definisjonar:

ALFABETISK ORDNING: Inndeling av arkivdokument etter namn eller   emne og rekkjeordning av desse etter alfabetiseringsreglar.

ARKIV:

1. Sjå Enkeltarkiv

2. Rom eller bygning der   dokument vert oppbevart

3. Institusjon eller del av   ein institusjon som har som ei av sine hovudoppgåver å oppbevare   arkivdokument.

ARKIVALIE: Sjå Arkivdokument

ARKIVBEGRENSNING: Tiltak som skal hindre at materiale utan   verde som grunnlag for seinare sakshandsaming eller dokumentasjon, vert   registrert eller arkivlagt.

ARKIVBESTAND: Den samla mengda av arkivdokument i eit   arkiv.

ARKIVDANNING: Framvekst av enkeltarkiv gjennom verksemda   til arkivskapar.

ARKIVDEPOT: Lager for permanent lagring/oppbevaring av   arkivsaker.

ARKIVDOKUMENT: Dokument som tilhøyrer eit arkiv.

ARKIVERING: Arkivskapar si handsaming av arkivsaker.

ARKIVFORTEGNELSE: Liste over innhaldet i eit arkiv.

ARKIVHENVISNING: Sjå Arkivnummer

ARKIVKODE: Sjå Arkivnummer

ARKIVLEGGING: Plassering av dokumenta i ei sak i arkivet   etter avslutta registrering og/eller sakshandsaming.

ARKIVLISTE: Oversikt over innhaldet i eit arkiv.

ARKIVMATERIALE: Sjå Arkivdokument

ARKIVMYNDIGHEIT: Offentleg institusjon med plikt til å ta i   mot enkeltarkiv og samlingar til permanent lagring, og/ eller med fullmakt   til å inspisere arkiv, og/ eller gi pålegg om bevaring og/ eller ordning av   arkivsaker hos arkivskapar.

ARKIVNUMMER: Tal, teikn og bokstavar som viser til   klasse, hovudgruppe, gruppe, undergruppe eller anna inndelingseining i   arkivnøkkel.

ARKIVNØKKEL: Oversikt over inndeling og rekkefølgje av   arkivsaker som kan tenkjast å bli lagt til eit enkeltarkiv.

ARKIVPLAN: Oversikt over produksjon og lagring av   arkivmateriale frå ein arkivskapar og bestemmelse om kvar og korleis dette   skal gjerast (prosedyrebeskrivelse).

ARKIVSERIE: Del av enkeltarkiv, inndelt og ordna etter   innbyrdes felles prinsipp.

ARKIVSKAPAR: Institusjon, organisasjon, myndigheit eller   annan administrativ eining, driftseining, person eller fellesskap av fleire   personar som skaper eller har skapt eit enkelt-arkiv.

ARKIVSTYKKE: Fysisk eining i eit enkeltarkiv, t.d.   protokoll, pakke, øskje, kassett, rull, magnetband o.a..

ARKIVSYSTEM:

1. Framgangsmåte ved   inndeling og rekkjeordning av arkivsaker.

2. Metode for fysisk lagring   av arkivsaker.

ARKIVVERDIGHEIT: Det at enkeltdokument har verdi som grunnlag   for oppbevaring for sakshandsaming og dokumentasjon.

ARKIVUVERDIGHEIT: Rundskriv, innbydingar m m som ikkje har   verde som dokumentasjon i sakshandsaminga, som ein får til orientering.

AVLASTNINGSARKIV: Sjå Bortsetjingsarkiv

AVLEVERING: Flytting av arkivsaker og overføring av   ansvaret for desse frå arkiv-skapande institusjon til arkivdepotinstitusjon   (Jf Overføring).

AVLEVERINGSLISTE: Oversikt over arkivsaker som vert overført   frå ein arkiv-skapande institusjon til depotinstitusjon.

AVSKRIVNING: Notering i journal kven ei journalførd sak   er ekspedert til, om den er arkivert og når dette skjedde.

BESKYTTELSESGRAD: Stikkord som vert påførd eit dokument for å   sikre handsaming etter særskilde fastsette reglar, gitt i   Sikkerhetsinstruksen som tar føre seg sikkerheita for Norge og dei allierte,   forholdet til framande makter ellers; og Beskyttelsesinstruksen som tar føre   seg offentlege interesser, verksemder, institusjonar og einskildpersonar.

BESKYTTELSESGRADERING: Gradering etter Beskyttelsesinstruksen.

BORTSETJINGSARKIV:

  1. Arkivdokument som ikkje lenger er i aktiv/stadig   bruk.
  2. Lokale til lagring/ oppbevaring av dokument under   1. (jf Fjernarkiv).

DAGLEGARKIV: Sjå Arkiv

DELARKIV: Enkeltarkiv frå ei administrativ eining,   t.d. kontor eller avdeling, som er ein del av ei anna administrativ eining,   t.d. ein institusjon eller ein organisasjon.

DOKUMENT: Skriv som er tilførd informasjon eller ligg   som opplysnings- eller bevis-verdi (jf Arkivdokument).

DOKUMENTASJON: Funksjon som omfattar lagrings-,   gjenfinnings- og distribusjons-metodar for informasjon frå dokument.

ENKELTARKIV/EINSKILDARKIV: Dokument laga av, eller kome inn til ein   einskild arkivskapar og samla som eit resultat av denne verksemda.

FJERNARKIV:

  1. Eldre eller mest uaktuell del av bortsetjingsakiv   (1) som vert lagra på ein annan stad enn dagleg/ aktuelt arkiv og resten av   bortsetjingsarkivet.
  2. Lokale til lagring av dokument under 1 (jf   Bortsetjingsarkiv).

FORFALLSREGISTER: Oppteikning over alle saker som skal svarast   på eller hand-samast innan fastsette fristar. Oppteikninga skal vere   kronologisk ordna, dvs dag-månad-år, kan ha form av ei bok, eit kartotek   eller vere lagra på eit elektronisk medium.

GRADERING: Skjerming av opplysningar mot innsyn etter   Sikkerhetsinstruksen og Beskyttelsesinstruksen. Påføring av beskyttelsesgrad   på eit dokument etter ei vurdering av behovet.

GRUPPE: Inndelingseining i ein arkivnøkkel. Omgrepet   gruppe vert brukt som felles-nemning for klasse, hovudgruppe, gruppe og   undergruppe. Hovudinndelingseining i ei hovudgruppe i ein arkivnøkkel byggjer   på Arkivnøkkel for administrative fellessaker i statsforvaltninga.

JOURNAL: Kronologisk eller systematisk register med   nummerering over innkomne og utgåande ekspedisjonar.

KASSASJON: Fastsette kva arkivmateriale som skal   fjernast frå arkivet, og makulere dette. Fastsetjing av kva for arkivdokument   som skal takast vekk og bortrydding, eventuelt makulering av desse.

KASSASJONSFRIST: Sjå Oppbevaringstid.

KASSASJONSPLAN: Oppteikning over avgjerder som er tatt om   kva for arkivdokument som kan kasserast og tid for kassasjon.

KLASSE: Hovudinndelingseining i ein arkivnøkkel.

KLASSIFISERING: Inndeling av emner og namn i grupper og   fastsetjing av rekkjefølgje av gruppene som grunnlag for den systematiske   delen av ein arkivnøkkel.

KOBLING: Samanknyting av enkeltsaker ved notering på   dokumenta og i ein journal.

KOPIBOK: Samling av kopiar av utgåande   korrespondanse.

KRONOLOGISK ORDNING: Inndeling og rekkjeordning av arkivdokument   etter dato.

KRYSSREFERANSE: Tovegs samband mellom saker i forskjellige   arkivperioder som delvis kan dekke same emne og kryssreferanse mellom saker   som kan sjåast i samanheng.

MAKULERING: Destruksjon av arkivdokument.

MANUELL JOURNAL: Journal førd for hand eller med skrivemaskin   utan elektronisk lagring av data.

MIKROFORM: Dokument i film som er forminska i ein slik   grad at det ikkje kan lesast utan tekniske hjelpemiddel.

NEDGRADERING: Omgjering til lavare beskyttelsesgrad.

NUMMERERINGSSYSTEM: Metode til ordning av rekkefølgje på   einingar.

OMGRADERING: Endring av beskyttelsesgrad.

OPPBEVARINGSTID: Tid frå eit dokument blir laga eller   arkivlagt og til det etter reglar skal kunne takast ut av arkivet.

OVERFØRING: Flytting av arkivsaker og overdraging av   ansvaret for desse frå ein arkivskapande institusjon til ein annan, eller fra   ein arkivdepotinstitusjon til ein annan

(jf Avlevering).

PRESEDENSSAK: Sak som er mønstersak for seinare handsaming   av liknande saker.

PRIVATARKIV: Enkeltarkiv frå ikkje offentleg arkivskapar.

PROVENIENSPRINSIPPET: Grunnregel som seier oppbevaring av arkiv i   den ordning det vart arkivet etter (opphavleg orden).

REGISTER: Oppteikning over einingar som t.d. emne og   namn, førd etter eit prinsipp, og i regelen rekkjeordna systematisk.

REGISTRERING: Innføring av saker, emne og namn i register,   t.d. journal eller i andre oppteikningar over einingar.

RENSING: Utsortering og fjerning av arkivuverdig   materiale frå dokumenta i ei sak ved journalføring, sakshandsaming og seinast   før arkivlegging.

RESTANSELISTE: Oversikt over saker som ikkje er   ferdighandsama innan ein fastsett frist.

RESTANSEKONTROLL: Oppsikt med eller sjekk av oversikt over   saker som ikkje er ferdighandsama.

SAK: Samling av enkeltdokument om same emne/ tema   og som er/ har vore til handsaming som informasjon for eit organ, innkome   eller starta/ initiert av organet.

SAKARKIV: Arkivdel der sakene/ dokumenta er ordna   etter emne.

SENTRALISERT ARKIV: Enkeltarkiv samla under ein sentral og   fagleg leiing.

SIKKERHETSGRADERING: Gradering etter Sikkerhetsinstruksen.

SIKKERHETSKLARERING: Avgjerd om ein person etter undersøking er   skikka til å bli gitt tilgang til opplysningar gradert etter   Sikkerhetsinstruksen og Beskyttelsesinstruksen.

SPESIALARKIV: Saksdokument som er ordna etter eit anna   prinsipp enn arkivnøkkel, som t.d. objektrelatert system.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.