Skrivereglar i Acos

Sakjournal

  • Bruk tittel på saka som klart viser kva saka gjeld.
  • All registrering i sakjournal skal vere på nynorsk.
  • Bruk berre heile ord, ikkje forkortingar slik som vedk., m.v., søkn. Forkortingar er lite søkbare, skriv ordet heilt ut.
  • På saker som ikkje er offentlege – bruk aldri namn eller anna sensitive opplysningar på tittelfelt 1. Dette kjem med på postlista.

 

Journalpost

  • Bruk tittel på journalposten som klart viser kva journalposten gjeld.
  • All registrering skal vere på nynorsk.
  • Bruk berre heile ord, ikkje forkortingar slik som vedk., m.v., søkn. Forkortingar er lite søkbare, skriv ordet heilt ut.
  • På saker som ikkje er offentlege – bruk aldri namn eller anna sensitive opplysningar i tittelfelt 1. Dette kjem med på postlista.
  • E-postadresse er ikkje avsendar/mottakar, det er namnet på personen eller firmaet som skal stå i feltet. Det er eige felt for e-postadresse.

Det er viktig å vite kva arkivsaka/dokumentet gjeld.

Døme ikkje skriv:                               

  • Møteinnkalling                           
  • Melding om vedtak                     
  • Reglement                                 
  • Søknad                                      
  • Svar                                          

Døme skriv slik:

  • Møteinnkalling 04.04.19 - arkivmøte
  • Melding om vedtak - nye reglar for kulturstøtte
  • Reglement av 04.04.14 for tildeling av kulturmidlar
  • Søknad om ......................
  • Svar på ...........................
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.