Nødprosedyre når system ikkje er tilgjengeleg

Visst journal- og arkivsystemet ikkje er tilgjengeleg for eit lenger tidsrom, skal arkivet sette i verk følgjande nødprosesyre:

Føring av mellombels journal

Arkivet fører ein mellombels papirjournal over inn- og utgåande dokument.  Denne skal innehalde opplysningar i tråd med arkivlova §2-7.

Behandling av innkomne og interne dokument

Arkivet registrerer innkomne dokument, både eksterne og interne.  Dette skal gjerast i den mellombelse papirjournalen.  Vidare skal det takast kopi av originaldokumentet.  Originalen skal oppbevarast hos arkivet så lenge nødprosedyra er i drift.  Når den er avslutta skal dokumenta skannast og registrerast i WebSak.  På kopiane skal det skrivast Ikkje skanna og registrert.  Kopiane skal fordelast til leiar/saksbehandlar.

Når systemet er tilgjengeleg igjen, skal originaldokumenta registrerast på vanleg måte; adm.enhet og saksbehandlar m.m. Dokumenta blir skanna og fordelt til leiar/saksbehandlar.  Leiar/saksbehandlar makulerer kopiane.  Dersom det er påført merknad på kopidokumenta, skal desse leggast inn i WebSak Fokus under merknad på journalposten.

Behandling av utgåande dokument

Saksbehandlar skal produsere dokument i Word eller anna programvare t.d. Excel. 

Arkivkopi av det utgåande dokumentet skal sendast til arkivet via e-post eller på papir.  Arkivet skal journalføre dette i den mellombelse journalen.

Når systemet er tilgjengeleg igjen, skal arkivet registrere dei utgåande dokumenta i WebSak på grunnlag av tilsendt e-post eller papirkopi og registreringane som er gjort i den mellombelse papirjournalen.  Dokumenta blir knytte til elektronisk arkiv ved å arkivere dei elektroniske filene eller ved skanning.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.