Lokal historisk arkiv - Årdal Sogelag

Årdal Sogelag vart skipa i 1949 av nokre eldskjeler som såg at bygda hadde vore gjennom store endringar på kort tid og visste at meir ville koma. Det var om å gjera å sikra for ettertida minna frå fortida. 

Avtale om rydding og arkivering av lokalhistorisk material mellom Årdal Sogelag og Årdal kommune vart inngått i 2012.

Årdal sogelag hadde behov for ein trygg lagringsplass for ein del av materialet. Det var òg ynskjeleg for sogelaget å få tilgang til materialet som Årdal kommune hadde samla i sitt lokalhistoriske arkiv. Årdal sogelag tok på seg å gå gjennom og få eit oversyn over materialet i lokalhistorisk arkiv. Som gjennyting har Årdal sogelag fri tilgang til arkivrommet og til å bruka materialet i samband med artiklar i Årdal før og no og på nettsida til laget. Ved gjennomgang av materialet vart det registrert kva som ligg der av bilete og dokumentasjon

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.