Kommunehistorie

Årdal kommune vart eigen kommune i 1860, då den vart utskild frå Lærdal kommune. Første ordførar i Årdal var Endre Offerdal.

Årdal kommune vart eigen kommune i 1860 då den vart utskild frå Lærdal kommune. Etter den store industriutbygginga har det politiske livet i Årdal vore prega av at Arbeidarpartiet har hatt reint fleirtal i kommunestyret. Tre år etter at Årdal vart skild ut som eigen kommune, vart Årdal også eige prestegjeld.

Årdalstangen tidleg på 1900-talet. Her vart kommuneadministrasjonen plassert i 1860, og slik er det 150 år seinare, sjølv om Øvre Årdal voks seg langt større enn kommunesenteret. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Kommune-reguleringa i 1965

Årdal har heilt sidan 1860 hatt omlag dei same kommunegrensene - med eitt unntak: Ved kommunereguleringa i 1965 vart gardane Luggenes og Bermål på sørsida av Årdalsfjorden overført frå Årdal til Lærdal kommune. Luggenes hadde tidlegare vore ein plass under det store gardsbruket Indre Ofredal på nordsida av fjorden, og Bermål ein plass under Naddvik.

Politisk utvikling i Årdal

Årdal er kjend som Arbeidarparti-kommune nummer ein ved vala, med godt over 70 prosent av røystene. Sidan andre verdskrigen har partiet hatt reint fleirtal i kommunestyret.

Kommunal økonomi og samspel med verket

Sikre skatteinntekter frå verket og dei tilsette gjorde at Årdal i mange år hadde lagt større armslag økonomisk enn dei andre kommunane i Sogn og Fjordane.

Ordførarar i Årdal kommune

Årdal vart skilt ut frå Lærdal kommune i 1860. For ordførar frå 1837 - 1860: Sjå «Ordførarar i Lærdal kommune».

Endre Offerdal var den første ordføraren i Årdal. Han sat i alt 17 år i ordførarstolen.

Asbjørn Søfting var ordførar frå 1956 til 1972, ein periode med svært rik utvikling i Årdal.

  • Endre Offerdal, 1860 - 1863
  • Erik Ofredal, 1864 - 1865
  • Jørgen J Schudtz, 1866 - 1869
  • Lars C. Østvold, 1882 - 1887
  • Wollert Hille, 1887
  • Tomas Holsæter, 1888 - 1891
  • Erik Nundal, 1896 - 1898
  • Olav Bjørkum, 1899 - 1904
  • Ivar Offerdal, 1905 - 1907 og 1920 - 1922
  • Per Klingenberg Hestetun, 1908 - 1919
  • Per Klingenberg Hestetun, 1923 - 1926
  • Jørgen O. Hæreid, 1926 - 1940 og 1945
  • Per Bjørkum, 1941 og 1945
  • Tomas Lægreid, 1941 - 1944
  • Gunnar Hansen, 1945
  • Ivar Sterri, 1946 - 1955
  • Asbjørn Søfting, 1956 - 1971
  • Jakob Flæte, 1972 - 1974
  • Jørgen O. Vee, 1974 - 1983
  • Jo Ragnar Sønstlien, 1984 - 1995
  • Oddbjørn Einan, 1995 - 2002
  • Arild Ingar Lægreid,  2002 - 2020
  • Hilmar Høl, 2020 - 
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.