Kommunehistorie

1837-1963:

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 var Hafslo, Jostedal og Luster tre kommunar med bygdene Hafslo, Jostedal og Luster som administrasjonssenter. Nynorsk vart teke i bruk som administrasjonsmål i Luster og Hafslo kommunar i 1911, og i Jostedal i 1923.

 

1919

Luster herrad sine krav til Trafikkplankomiteen som vart handsama i Fylkestinget fortel rimeleg godt om status på den tida: Hovudvegen mellom Nes og Kvåle (i Luster) vert kravt fullført. Som nytt prosjekt vert føreslege ein veg mellom Skjolden over Turtagrø til Gudbrandsdalen. Den vart bygt i 1938.

Jernbane vert føreslege ført anten gjennom Mørkridsdalen, eller gjennom Jostedalen til Gudbrandsdalen. Telefonstasjonar vert føreslege oppretta i Leirdalen, Vigdalen, Mørkrid, Dalsdalen og på Berge i Fortun. Av vegar utanfor kommunen, men av verdi for denne er peika på ein snarleg start på bygginga av vegen mellom Sogndal og Leikanger.

Dei fyrste etterkrigsåra var prega av raske og gjennomgripane samfunnsendringar. Alt i 1946 vart kommuneinndelingskomiteen oppretta ved kongeleg resolusjon, saman med skatteutjamningskomiteen og desentraliseringskomiteen.

Eit anna uttrykk for det same var at Kommunalavdelinga i Justisdepartementet i 1948 vart skilt ut for å utgjere grunnstammen i det nyskipa «Kommunal og arbeidsdepartementet».

 

1957

Kommuneadministrasjonane var samansette med kommunekasserarar, likningssjefar, eit par kontorassistentar, ein del skulelærarar og nokre tilsette på aldersheimar i Luster og på Hafslo.

 

1964-2020:

Ved kommunereguleringa i 1964 (Schei-komiteen) vart Hafslo og Jostedal kommunar lagt till den nye storkommunen Luster.  Kommunenamnet i attverande Luster kommune vart no namnet på kommunen og Gaupne vart nytt kommunesenter.Nytt rådhus i Gaupne stod ferdig i 1970.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.